Konspirasjonsteoriar og den norske språkstriden på Litteraturhus i Møre og Romsdal
19.–25. november dreg forfattarane Øyvind Strømmen, Bjørn Vatne og Arnfinn Kolerud rundt på 11 bibliotek på Sunnmøre.
– Publikum vil få innsikt i både farlege konspirasjonsteoriar og eit humoristisk møte med den norske språkstriden. Kven skreiv først om at kongen ville gi intervju på nynorsk? Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum meiner folk på Sunnmøre kan gle seg til møte med desse forfattarane.
Kva er konspirasjonsteoriar og kva gjer dei farlege?
Ti år etter det verste terrorangrepet i Noreg og under eitt år etter eit dramatisk angrep på kongressen i USA, kjem journalist og forfattar Øyvind Strømmen for å lære oss meir om dei farlege konspirasjonsteoriane. Strømmen har markert seg gjennom kartlegginga si av høgreekstreme miljø på nettet. Forfattar og journalist Bjørn Vatne leier samtalane i Sykkylven, Hareid, Storfjord, Sjøholt, Sande og Vanylven.
Den norske språkstriden
Arnfinn Kolerud er ein profilert ungdoms- og vaksenforfattar som har vunne fleire litterære prisar. Han held foredrag i Stordal, Giske, Longva, Vatne og Volda om si nyaste bok Gamle menn i syningom. I boka skildrar han ei tenkt nær framtid, der det berre er att éi bygd som klamrar seg til nynorsken. Men plutseleg hendingar gjer at nynorsken kan bli “in” igjen: Eit dansk flagg vaiar plutseleg og utan førevarsel over kongehuset, og kongen gir like plutseleg intervju på nynorsk som hemn. Boka er den siste i trilogien om Vassbygda.
Litteraturhus i Møre og Romsdal
Desse turneane er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis.
Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, alle kommunane i fylket, Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 Nordvest, Sparebankstiftelsen SMN, Fritt Ord, Norsk kulturråd og GassROR IKS.