Kven bør bli Årets nynorskbrukar?
Nynorsk kultursentrum ber om forlsag til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2020». Alle som vil, kan føreslå kandidatar.
Dette er den fremste nynorskprisen og ein av få som dekkjer alle samfunnsområde. Fristen for å føreslå kandidatar er 15. februar 2020.
Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk. Og som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Styret i Nynorsk kultursentrum tek si avgjerd i byrjinga av april. Prisen er på 100 000 kr og blir delt ut kvart år ved Dei nynorske festspela. I 2020 vurdere styret 68 kandidatar.
Framlegg sender de til post@nynorsk.no.