Barne- og ungdomsformidlar (frist: 15. nov)

Vi søkjer etter ein barne- og ungdomsformidlar som kan utvikle og gjennomføre nasjonale formidlingstiltak på ulike arenaer og digitalt. Du vil få fagansvar for å styrkje formidlinga vår til barn og ungdom nasjonalt, utvikle og administrere produksjonar til Den kulturelle skulesekken og vidareutvikle formidlingsfiguren vår Lurivar.

Den vi søkjer er interessert i språk og litteratur og har god oversikt på feltet. Du må ha høgare utdanning og erfaring frå formidling eller undervising.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å utvikle fysisk og digitalt innhald til barn og ungdom, skrive tekstar til målgruppa, gjere avtalar med og vere kontaktperson for forfattarar og utøvarar til produksjonar i Den kulturelle skulesekken, og drive praktisk planlegging av turnéverksemd. Du bidreg også med råd om utvikling av barne- og ungdomsinnhald til nasjonale turnear, arrangement på arenaene våre og utstillingar. Du samarbeider med kollegaer frå alle arenaene våre, og oppdaterer nettsider og i sosiale medium for dine fagfelt.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark. 

Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2022. Kontorstaden er ved Vinjesenteret i Vinje kommune. Stillinga er fast og 100 %.

Grip sjansen! Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 15. november 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt avdelingsleiar Tone Slenes: tlf. 915 18 822.

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.

 

Arbeidsstad:

Vinjesenteret, Vinje 

Tittel:

Barne- og ungdomsformidlar 

Utdanning:

Høgare utdanning og erfaring frå formidling eller undervising. 

Søknadsfrist:

15. november 2021 

Oppstart:

1. januar 2021

Stillingstype:

Fast stilling, 100 %