Museumsvert i Aasentunet

bilete frå resepsjonen i aasentunet med vertskap og tre gjester
Illustrasjonsbilete. Foto: André Hustoft Nesheim

Vi treng fleksible og allsidige medarbeidarar i sommar til å møte og leggje til rette for at publikum skal få ei god oppleving i Aasentunet. 

Arbeidsoppgåvene er å ta i mot publikum, gjennomføre omvisingar, ekspedere i butikken, lage til enkle matrettar, servere i kafeen med meir. Det vil også vere aktuelt med noko utandørs vedlikehaldsarbeid og enkelt innandørs reinhald. Arbeidstida vil vere på dagtid og nokre helgar frå 1. juni til 15. august. Det vil vere ein fordel om du kan vere med og arbeide under Festspela 6. til 9. juni.  

Du må like å arbeide med publikum, halde god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. I tillegg til at du kan snakke godt for deg på norsk, er det ein fordel om du er stødig i engelsk. Det er mykje som skjer i enkelte periodar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og handtere fleire oppgåver samtidig.  

Alle nye medarbeidarar får god opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Timeløn etter lokal lønssystem. Arenaleiar er nærmaste overordna. Vi tilbyr eit triveleg og tett arbeidsmiljø i eit av dei vakraste og mest spennande bygningane i landet.   

Fleire opplysningar om stillinga får du hos konstituert arenaleiar Ida Aarflot Kornberg, tlf. 70 04 75 79 eller 473 34 144. 

Send søknad med referansar seinast onsdag 15. mai til stilling@nynorsk.no 

Aasentunet er eit av tre museum som blir drifta av Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden, og ligg på staden der Ivar Aasen vaks opp. Vi har som mål å vere ein viktig møtestad for lokalbefolkninga, så vel som eit attraktivt reisemål for turistar. 

 

Behandling av personopplysningar i samband med rekruttering
Søkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til e-postadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der. 

Når søknadsfristen er ute blir det laga ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon, som søknad, cv, kontaktdata blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført. 

Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på den, må du be om unntak i søknaden, og få det innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel. 

Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen. 

Nynorsk kultursentrum kartlegg ikkje og lagrar ikkje sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.

 

Dine rettar etter personopplysningsloven
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.   

Arbeidsstad:
Aasentunet, Ørsta

Tittel:
Museumsvert

Søknadsfrist:
15. mai, 2024

Oppstart:
Etter avtale

Stillingstype:
Engasjement