Vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret
Vår dyktige vertskaps- og programansvarlege skal ut i permisjon, og vi har difor ledig vikariat frå 3. mars 2025 til 27. februar 2026.
Vi ser etter deg som set gjestene våre i sentrum og gir dei gode opplevingar dei gjerne vil oppleve igjen. Du er strukturert og rutinert, van med digitale reiskapar og har forståing for grunnleggjande økonomisk og administrativt arbeid i verksemder. Interesse for norsk journalistikk, litteratur og musikk kjem godt med.
Arbeidsoppgåver
• drift av resepsjon og butikk ved senteret
• tilsetjing, opplæring og oppfølging av museumsvertar
• planlegging, avtalar, økonomi og logistikk ved arrangement i høve Litteraturdagane i Vinje og andre arrangement
• ansvar for organisering av omvisingar og liknande
• å delta i omvisingar og pedagogiske opplegg
• å halde publikumsareal og lager i orden
Vertskaps- og programansvarleg samarbeider i det daglege med arenaleiar og utstillingsansvarleg om utvikling, planlegging og gjennomføring av formidling til ulike målgrupper.
Aktuell utdanning og erfaring kan vere frå kultur, administrasjon, sal eller marknadsføring.
Vinjesenteret i Vinje i Telemark opna hausten 2021 og er eit museum for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i Vinjeforfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. Vinjesenteret driv også formidling i Vinjestoga, i tillegg til arrangement i og utanfor senteret. Me arrangerer også festivalen Litteraturdagane på hausten. Nynorsk kultursentrum har fem faste tilsette i Vinje og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og eit engasjert kollegium.
Ein må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring. Løn etter avtale.
Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 6. januar 2025 til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.
Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Du kan søkje om å bli unnateke denne søkjarlista ved å grunngje dette i søknaden din.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med arenaleiar ved Vinjesenteret Yngve Knausgård, 95 02 72 51.
Arbeidsstad: Vinjesenteret
Tittel: Vertskaps- og programansvarleg
Søknadsfrist: 6. januar 2025
Stillingstype: Vikariat