Margreth Olin si mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, som var ein kunst i seg sjølv. Ho var òg fylt av song og kjærleik.
Etter tretti år som filmskapar vart Olin overmanna av livet og visste ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiste ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet vart filmen Fedrelandet, men slutten blei ikkje som ho hadde tenkt.
Debutboka til Olin, Song til mor, er ei øm forteljing om livslang kjærleik til naturen, til kunsten, til mor og til far.
Margreth Olin (f. 1970) er ein av Noregs mest kritikarroste og prisvinnande filmskaparar. Olin står bak dokumentarar som Mannen fra Snåsa, Barndom, Selvportrett, De andre og Fedrelandet, og ho har vunne ei rekkje filmprisar. Song til mor er Olins skjønnlitterære debut.
Olin er kjend for dei nære, personlege filmane sine. Ho har eit eige blikk for dei som er litt annleis, dei som ikkje heilt fiksar livet. Dette blikket har ho med seg i romandebuten, som no har nådd lesarar over heile landet.
På sjølvaste morsdagen kjem Olin til Ulvik for å snakka om boka ho sjølv kallar “ein kjærleikssong til mamma”. Mødrer, døtrer, fedrar og besteforeldre er alle velkomen til ein kveld i orda og kjærleiken si kraft. Velkomen til litterær morsdag!