Marie Lovise Widnes (1930–2021)
Også for dei som rekk meir enn dei fleste, tek tida slutt. Fredag 19. november sovna Marie Lovise Widnes inn, 91 år gamal.
Kulturpersonlegdomen, politikaren, forfattaren, songaren og målkvinna Marie Lovise Widnes var ei drivande kraft med stort engasjement. Ho blei fødd 1. november 1930 og vaks opp i Syltedalen i Vanylven i ein kristen familie som var knytt til Arbeidarpartiet. Allereie som ung tok ho til å skrive og framføre viser og sketsjar. Gjennom Arbeidaranes ungdomsfylking fekk ho vist fram talenta sine for å underhalde. På grunn av dette kulturarbeidet og tilknytingane til arbeidarrørsla, fekk ho gratis utdanning ved Landsorganisasjonen sin folkehøgskule på Sørmarka i 1952. Der trefte ho Ole Johansen frå Fredrikstad, som ho gifta seg med i 1954. Dei busette seg først i Vanylven og sidan på Hareid, og fekk fire born. Omsorga for eigne born og for foreldra var ein viktig del av livet til Widnes på denne tida. Likevel rakk ho mykje anna.
Marie Lovise Widnes blei nasjonalt kjend for songen «Gangdøra». Widnes var blant dei første som gav ut songar med nynorske tekstar på plate. Etter å ha dikta og sunge i fleire år, spela ho i 1957 inn fleire plater med visene sine hos plateselskapet Philips. Visene kom også ut i bok, illustrert av Kjell Aukrust. Widnes har av fleire blitt samanlikna med Alf Prøysen.
I tillegg til eigne viser skreiv Widnes tekstar i blad som Ungdomsvon og Nynorsk vekeblad, ho skreiv tekstar til Barnetimen for dei minste på NRK radio og ho gav ut fleire bøker, mellom anna to diktsamlingar.
Marie Lovise Widnes sameina kristendom og sosialisme, og var gjennom fleire tiår ei modig kristensosialistisk røyst. Ho engasjerte seg politisk, først i Arbeidarpartiet, sidan i Sosialistisk Venstreparti, før ho i 2010 melde seg ut på grunn av usemje med politikken. Frå 1989 til 1993 var ho stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti for Møre og Romsdal, og ho sat fleire periodar i kommunestyret i Hareid kommune og på fylkestinget i Møre og Romsdal.
I tillegg til ei rekkje verv i partiorganisasjonane, hadde Widnes mange tillitsverv i andre organisasjonar. Målsaka stod Widnes nært, og ho har vore leiar både i Hareid Mållag og Sunnmøre Mållag. Språkinteresserte Widnes gav i 2001 ut boka Målet hennar mor, med gamle ord og uttrykk frå Vanylven og resten av Sunnmøre. I 2006 blei ho æresmedlem i Noregs Mållag. Same året fekk ho også Kongens fortenestemedalje i gull. I tillegg til desse utmerkingane fekk Widnes fleire lokale kultur- og medieprisar for arbeidet og innsatsen sin.
I boka Fragler – fins dei? (1993), som handlar om maktmisbruk og det Widnes kalla underjordiske leidningsnett som ikkje toler dagslys, siterer ho Abraham Lincoln på tittelsida: «Den forsømingssynd det er å teie når ein burde protestere, har gjort mang ein mann til kujon.» Og dét var ei rettesnor som Widnes òg levde etter, som sa frå der ho såg urettferd.
I Aasentunet fekk vi fleire gonger gleda av å ha Widnes på besøk, sist i samband med utstillinga «Nynorsk vinyl» i 2019.
Nynorsk kultursentrum lyser fred over minnet til Marie Lovise Widnes.
Nynorsk kultursentrum
Hovdebygda, måndag 22. november 2021