Aleine saman – korona og kulturen
stakkars syn
eg ser for meg
eit glatt andlet eitt daudt auge
open som ei rose stinkande
eg opnar auga i handa ein polert kalkstein
han ligg brydd seier
ikkje gi meg det stakkars synet ditt
det du kastar til meg kastar eg tilbake
på bordet veks roser opp av arka
månadene bøkler seg forbi
vindauget skabbkattar
i våren si blå tørke
la dei frosne rosane fortsette
sitt alltid døyande på den døyande alltida
eg lukkar auga att legg kalksteinen
over det daude
Bendik Vada / 2020
Høyr diktet
Bendik Vada
Bendik Vada (f.1996) brakdebuterte med diktsamlinga "Vak" i 2017. Vak er ei vandring, ein rytmisk song, skriven på trønderdialekt. I 2020 kom diktbok nummer to; "Virkelig igjen".
Foto: Finn Ståle Felberg