Aleine saman – korona og kulturen

@ Ådne Dyrnesli

mørket i mars er mitt aleine

slik du har ditt hos deg

men avstanden mellom oss

eig me saman

me held i kvar vår flik av same saknet

 

innom veggene i kvart vårt hus

bak ribbeina

i kroppens inste rom

der fell hjartet i tvil mens me ventar

der bankar pulsen for alt me ikkje veit

 

himmelkvelven femnar om oss begge

meg synest skinet sterkare no

når eg er borte frå deg

 

eg andar lyset inn

eg andar ut

og legg himmelen til kvile i brystet

 

Siri Økland / 2020

Siri Økland

Siri Økland (f.1967) debuterte med kortprosasamlinga "Det står til liv" i 2017. I si fyrste diktsamling "Den tid, den song" (2019) skriv Økland vare dikt om å finne sin plass i tilværet. Foto: Marita Aarekol