Lesetips
Forfattarane Kristin Fridtun, Bjørn Hatterud og Geir Egil Eiksund har her delt sine lesetips til skeiv litteratur. Lista er utarbeidd etter ein samtale dei tre hadde på Skeiv kulturkveld i Aasentunet tidlegare i år, der dei mellom anna snakka om sitt forhold til skeiv litteratur og lesing.
Kristin Fridtun
- Karin Boye: Härdarna (1927)
- Jack Halberstam: Female Masculinity (2018, fyrst utg. 1998)
- Linda Klakken: Mamma, kone, slave (2013), Flamme forlag. Bokmål (om eg hugsar rett)
- Tarald Stein: Framandkar (2008) og Frikar (2010), Tiden. Nynorsk.
- Anna Nafstad og Martine Johansen (red.): Ibsen: Etter mørkets frembrudd. Homoerotiske Ibsen-noveller (2018), littmelk. Bokmål.
- Hans Sande (ill. ved Per Dybvig): Forelska i Feisbukk (2014), Cappelen Damm [barnebok, handlar om to geitebukkar] Nynorsk
- Jenny Jordahl (tekst og ill.): Hannemone og Hulda (2017), Cappelen Damm [handlar om ei hulder og ei havfrue] Bokmål
Bjørn Hatterud
- Heile Øystein S. Ziener sin forfattarskap.
- Heile Per Knutsen sin forfattarskap, særleg Gamle menns elskov (2010) og Å salte et hjerte (2001)
Geir Egil Eiksund
- Tor Fretheim: Kysset som fikk snøen til å smelte (1991)
- Tor Fretheim: Leons hemmelighet (2016)