No brakar Festspela 2022 laus!
I dag, torsdag, går startskotet for Festspela 2022 og dei gode samtalene, føredraga og musikkopplevingane står i kø gjennom helga. Arenaleiar Olav Opsvik er spent på den første skikkelege festivalen i Aasentunet på tre år, og gler seg til å ta i mot festivalpublikummet i tunet att
Thomas Hylland Eriksen, Ottar Grepstad og Aina Basso er tre av dei mange utøvarane som skal ta publikum med inn i spennande samtalar og føredrag.
Fredag held Hylland Eriksen Ivar Aasen-minneforedraget “Ein kanarifugl i kolgruva”, medan festspeldiktar Basso mellom anna skal samtale med forfattar Sigbjørn Skåden og litteraturjournalist Helene Hovden Hareide om det historiske medvitet i romanskrivinga.
Forfattar, språk- og litteraturvitar Ottar Grepstad møter leiaren i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, til samtale om den nyaste boka til Grepstad Brent Ord. Samtaleleiar Vidar Parr har vore redaktør for Synste Møre i mange år og er ein erfaren journalist og samtaleleiar.
– Vi er spente på kva tankar Vernegg vil dele om Grepstad si bok, ordskiftet om språk i Noreg og aksjonsformene som blir omtala, seier Opsvik.
Samarbeid med Volda kyrkje
Fredag kjem dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers til Volda kyrkje for å halde ein stemningsfull midnattskonsert med verket Màni.
Màni er det norrøne namnet for måne, og verket er ei utforsking av klang og gjentaking.
Verket er arbeidd fram i samarbeid med lyskunstar Randiane Sandboe.
Laurdag er det folkesongar Malin Victoria Alander frå Sandane som held 12-konsert i Volda kyrkje i samband med Festspela.
Eva Weel Skram, Stein Torleif Bjella og Ine og Edvard Hoem held alle konsertar i uteamfiet i Aasentunet under Festspela 2022.
– Vi er veldig nøgde med årets festspel-program i alle ledd. Her meiner vi at det er noko for alle å gle seg til. Velkomen!, seier Opsvik.
Sjå alle programpostane og kjøp billettar til dei ulike festspel-arrangementa her.