Ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal.

Reidar Sandal er ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Han kjem dermed tilbake til organisasjonen han var med på å utvide rammene for, for åtte år sidan.

– Nynorsk kultursentrum har ei viktig oppgåve å gjere for å hjelpe fram nynorsken i vidaste forstand. Eg finn det svært meiningsfullt å få vere styreleiar for institusjonen, seier Reidar Sandal.

Sandal har vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum før, frå 2010 til 2014. I den førre perioden hans byrja organisasjonen planlegginga med å utvide verksemda frå å ha ein arena i Aasentunet til å ha tre, med Haugesenteret i Ulvik frå 2014 og Vinjesenteret i Vinje i Telemark som opna i fjor. No skal han leie organisasjonen i den viktige etableringsfasen av den tredje arenaen til Nynorsk kultursentrum, og arbeide for at institusjonen skal nå ut til heile landet.

Reidar Sandal var kyrkje- utdannings- og forskingsminister frå 1995 til 1997, under Gro Harlem Brundtland og Torbjørn Jagland, og seinare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane frå 2001 til 2009. Han har mellom anna vore styremedlem og leiar i Noregs Bank sitt representantskap og i Innovasjon Noreg.

Reidar Sandal tek over etter Lodve Solholm som har vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum sidan 2014.