Nynorsk kultursentrum diskuterer namn og strategi
Stiftinga arbeider for å fremme nynorsk skriftkultur. Det skal stiftinga gjere til småbarnsfamiliar, skuleelevar og vaksne i heile landet. – Vi arbeider kvar dag med å finne ut korleis vi best når folk med innhaldet vårt, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
I kontakt med gjester og samarbeidspartnarar har stiftinga sett at Nynorsk kultursentrum ikkje er så godt kjent, og at det ikkje er tydeleg kva vi driv med.
– Dei fleste møter oss utanfor Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret. I 2019 hadde vi arrangement og utstillingar i 78 kommunar. Vi har behov for å forklare kven vi er og kva vi gjer til fleire, seier Sandsmark.
Styret har vurdert to moglege alternativ. Anten må stiftinga i større grad synleggjere Nynorsk kultursentrum, og kva eit kultursentrum er, eller skifte namn til noko anna. Begge delar handlar om å vere meir synleg og tydeleg overfor brukarar og samarbeidspartnarar.
Alternativet «Nynorsk no» er diskutert. Det er både namnet på nettstaden vår, og eit tydeleg ordspel som berre er mogeleg på nynorsk. Det kan vise at stiftinga arbeider for nynorsk når som helst og kor som helst.
Direktøren har ikkje innstilt til styret eller rådet om namneendring, men å sjå på profil og presisering. Fleirtalet i rådet i Nynorsk kultursentrum har gitt råd om å nytte namnet Nynorsk kultursentrum med undertittelen/forklaringa «musea for skriftkultur». Styret drøftar saka 15.10.
Det er styret som fattar endeleg avgjerd, men fordi det er ei vedtektsendring skal saka på høyring til Kulturdepartementet og Lotteri- og stiftelsestilsynet i etterkant.
Spørsmål eller innspel til namnesaka kan verte retta til direktør Per Magnus F. Sandsmark, per@nynorsk.no.