Nynorsk kultursentrum i ny drakt
Nynorsk kultursentrum presenterer ny logo og visuell profil. Fornyinga gir arbeidet til stiftinga ein meir moderne identitet.
– I nesten 30 år har Nynorsk kultursentrum formidla relevant fagkunnskap og kulturfagleg innhald på nynorsk. Med ny grafisk profil held vi fram med å vere relevante, slik at folk bryr seg om det vi formidlar, både visuelt og fagleg, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Den nye profilen til Nynorsk kultursentrum er ein felles visuell identitet for alt arbeidet stiftinga gjer. Stiftinga driv kvar dag med arrangement og utstillingar i heile landet, i tillegg til å drive Vinjesenteret, Haugesenteret og Aasentunet.
– Med den nye logoen ønskjer vi å visualisere det samlande og fleksible ved Nynorsk kultursentrum på ein enkel og moderne måte, seier kommunikasjonsrådgivar i Nynorsk kultursentrum Maria Fet, som har utforma den nye profilen.
I samarbeid med tradisjonsrike Møre Konfeksjon, som held til i Volda, har Nynorsk kultursentrum formgitt nye, felles uniformer for vertane ved Aasentunet, Haugesenteret og Aasentunet.
– Det er veldig kjekt å kunne gi fleire lokale bedrifter, ikkje berre kunstnarar og utøvarar, oppdrag i denne vanskelege tida for næringslivet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Samstundes som den nye profilen blir innført, har stiftinga opna det nye og ombygde resepsjonsområdet i Aasentunet. Ombygginga er gjort i samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter, som har vore med stiftinga sidan opninga av det nye hovudbygget i Aasentunet i 2000.
– Vi er svært nøgde med det nye resepsjonsområdet. I samråd med arkitektane, som har lang erfaring med Sverre Fehn-bygg, har vi fått ei løysing som både er praktisk og innbydande og slepper meir lys inn i lokalet, seier arenaleiar ved Aasentunet Olav Øyehaug Opsvik.