Aslaug Vaa
Aslaug Vaa nytta telemarkstradisjon og moderne europeisk psykologi og filosofi på ein gong i forfattarskapen sin.
Aslaug Vaa var fødd i 1889 i Rauland i Telemark og døydde i 1965 i Oslo. Ho levde livet sitt midt i overgangen frå tradisjonssamfunnet til det moderne. I diktarskapen hennar er ikkje det noko motsetnad, men samanhengar som kunne skape ny kunst og gi svar på eksistensielle spørsmål.
Det er dikt ho er mest kjend for, og dikta hennar var blant dei mest lesne i Ønskediktet på NRK Radio. «Å eiga», «So rodde dei fjordan» og «Nykelen» er blant dei mest etterspurde dikta hennar. Vaa var også ein viktig dramatikar. Som i andre tekstar er det spenninga mellom tradisjon og modernitet med utgangspunkt i kvinneliva som pregar denne dramatikken. Det var nyskapande.
Ho var ein periode ansvarleg for utanriksstoffet i nynorskavisa Den 17de mai og skreiv om dei store endringane i verda i dei første tiåra av 1900-talet. Vaa var også aktiv skribent og omsetjar for mellom anna Det Norske Samlaget, Norsk Barneblad, Arbeiderbladet, VG, Dagbladet og ulike tidsskrift.
kjelder
Øystein Rottem, https://nbl.snl.no/Aslaug_Vaa
Sigrid Bø Grønstøl, https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/aslaug-vaa/105/1024/
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018
Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.