Opplesing og konsert med Erlend Kaasa
Laurdag 22. mars, kl. 19.00, Vinjar
Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009, og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans. I (44) fylgjer me personar som på kvart sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Forspilte sjansar. Kjærleik. Svik. Mot. Hovmot.
Denne laurdagen er Kaasa på heimlege trakter og tek turen til Vinjar for å både snakke om boka si, og for å framføre eit knippe eigenproduserte låtar saman med bandet sitt, Personalportalen.
Novellesamlinga har fått gode kritikkar, mellom anna i Dag og Tid og i Dagbladet:
“Novellene heng igjen i meg som substansielle, litterære stemningar, og som uttrykk for vesentlege livsinnstillingar. Det finst to typar menneske: Dei som deler inn i mennesketypar, og dei som ikkje gjer det.”
– Ingvild Bræin, Dag og Tid, 7.2.25
“Sånn som han skriver, er det like engasjerende og interessant å lese om en mann som ser på det å gi bistand til hjelpeorganisasjoner som en karakterbrist, som en kvinnes vidløftige refleksjoner omkring gud, skaperverket og universet.”
– Joakim Tjøstheim, Dagbladet, 16.02.25
Sal av snacks og drikke.
Det blir høve til å kjøpe novellesamlinga og få ho signert!
Velkomen!