Over land og hav med Brit Bildøen

Foto: Tove Breistein

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal har hatt fleire turnear på lokale bibliotek i fylket denne våren. Forfattar Brit Bildøen avsluttar vårprogrammet med boksamtalar ved utvalde bibliotek på Sunnmøre i juni og august.

Forfattar og diktar Brit Bildøen har følgt trekkfuglane i eitt år – no er ho aktuell med boka Over land og hav. Boka er ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og naturopplevingane som ventar når ein først legg merke til dei. Det er ei personleg og litterær sakprosabok, som presenterer fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane dei har på ferda si frå det kalde nord til frodige Middelhavsområde. 14. juni skal Bildøen besøkje Moa bibliotek og Giske folkebibliotek, og 24.–25. august besøkjer ho folkebiblioteka i Herøy, Ørsta og Ulstein.

– Det er mange som gler seg til å oppleve og lære meir om fuglane saman med Brit Bildøen, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

Turneen vart flytta frå april til sommaren på grunn av koronarestriksjonar.

Slenes tipsar også om at ein kan sjå meir av Bildøens opplevingar og forfattarskap i Nynorsk kultursentrums prosjekt Stader for skrift på nynorsk.no.

Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis, men med avgrensa plass og faste plassar er det krav om påmelding på førehand. Biblioteka er ansvarlege arrangørar og har system for påmelding, informasjon og smittevern i samsvar med gjeldande koronarestriksjonar. Eit nytt program for hausten 2021 er under produksjon.

Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane som deltek, og andre aktørar med regional forankring.

Det står meir informasjon om prosjektet her, og om arrangementa på Facebook-sidene til biblioteka. Du kan også følgje prosjektet på facebook.com/LitteraturhusiMoreogRomsdal.