Forfattarane Øystein Orten og Svein Sæter i samtale om krigen

Øystein Orten og Svein Sæther.

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang med haustturneane i fylket. 28.–30. september møter forfattarane Øystein Orten og Svein Sæter publikum på biblioteka i Valldal, Fosnavåg, Volda og Sula. «Skal vi aldri bli ferdige med krigen?» blir ei interessant stund med refleksjonar og diskusjonar.

Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har ein mangfaldig forfattarskap, som mellom anna rommar fem bøker med tema frå den andre verdskrigen. Faren Einar var sjølv agent i etterretningsorganisasjonen XU, og saman skreiv dei standardverket XU. I hemmeleg teneste 1940-45 (1995/ny utgåve 2007). Spion i Hitlers rike (2006) handlar om XU-agenten Sverre Bergh, sentral alliert spion i Nazi-Tyskland. I Operatøren (2008) fortel sabotøren og Kon Tiki-fararen Knut Haugland historia si. Kongen av Spitsbergen (2016) og Krig. Mor. Bror (2019) handlar òg om nordmenn som stod opp mot okkupasjonsmakta. 

Øystein Orten er oppvaksen og bur på Hareid. Han har skrive fleire diktsamlingar og er kjend for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. I 2009 gav Orten ut dokumentarboka Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45, ei spennande bok med historier om motstand og eksil i Noreg under andre verdskrigen. I tillegg har novellesamlinga Krigshistorier (2020) og romanane Vegen til Neverland (2005), Brevet til Rosalin (2016) og Aldri kome tilbake (2019) krigen som bakteppe. Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion. 

– Her har vi to erfarne forfattarar som er kjende for sin krigslitteratur og flinke til å formidle. Dette er eit unikt høve til å få med seg spennande samtalar om eit tema som mange er opptekne av, og med nye koplingar mellom litteraturen deira, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. 

Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis. Biblioteka har ansvar for informasjon og smittevern. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.