På miniturné med «Vandring»

22. og 23. januar viser Sigmund Løvåsen, Erlend Apneseth og Frode Haltli fram «Vandring», tingingsverket frå Festspela 2021. Programmet er i regi av Nynorsk kultursentrum og arrangementa i samarbeid med Rom for ord, Naustdal mållag og Osafestivalen. 

Verket «Vandring» blei tinga av Nynorsk kultursentrum til Festspela 2021. Diktar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli har skapt musikk og lyrikk i samspel med kvarandre og resultatet er eit unikt samansveisa verk der overgangane frå lyrikk, komponert og improvisert musikk glir saumlaust i kvarandre og bidreg til ei fokusert, intens og sterk oppleving for publikum. 

Denne veka tek dei verket med på ein miniturné i regi av Nynorsk kultursentrum. I samarbeid med Rom for ord, Naustdal mållag og Osafestivalen vert «Vandring» vist i Naustdal kulturhus, laurdag 22. januar og i Osasalen på Voss, søndag 23. januar. 

– Vi går og går. Mot kvarandre eller frå kvarandre. Vi har alltid vandra, for å finne mat og nytt land, på flukt eller leit, tiår med ørkenvandring eller ei tung dørstokkmil. Vi er oskeladden med opne auge for alt som ligg langs vegen, eller felttog med eitt mål for auget. På 1800-talet vandra ein kar omkring i Noreg og sanka språk. For tusenvis av år sidan tok eit menneske det første steget på det som i dag blir kalla norsk jord. Vi tek eit steg mot eit anna menneske for å gi eit kjærteikn, millionar er på flukt, og over oss alle flyg vandrefalken.

Slik skildrar forfattar Sigmund Løvåsen tekstane han les frå i denne poesikonserten. Musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli finn mange musikalske skjeringspunkt. Musikken er eit grenselaust språk, og sjølv om instrumentasjonen er hardingfele og akkordeon, så kan ein høyre musikalsk inspirasjon frå både aust og vest i dette verket. 

Løvåsen var festspeldiktar for Festspela 2021. Erlend Apneseth og Frode Haltli er begge røynde og prislønte musikarar og komponistar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk. Dei har mellom anna samarbeidd på albumet Salika Molika (2019), som fekk Spellemannprisen i kategorien Åpen klasse.