Regjeringa viser vilje til meir nynorsk for barn
Nynorsk kultursentrum er glade for at Abid Q. Raja har lagt fram ei barne- og ungdomskulturmelding som peiker på eigne tiltak for meir kulturtilbod på nynorsk, samiske språk, norsk teiknspråk og kvensk.
Regjeringa la i dag fram den nye barne- og ungdomskulturmeldinga. Eit viktig perspektiv i meldinga er å sikre gode vilkår for norsk, med bokmål og nynorsk, samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk.
– Det er avgjerande med medietilbod, litteratur og kulturopplevingar for barn på alle språk Noreg har ansvar for, for å sikre språkmangfaldet for framtida, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Sidan 2008 har staten hatt som politikk å vurdere nynorsk særleg der norsk språk blir tematisert.
– Likevel har Kulturdepartementet sidan då lagt fram mange viktige språkpolitiske meldingar og strategiar, om til dømes mediepolitikk, bibliotek, film og arkiv utan å tematisere vilkåra for nynorskbrukarane. Raja snur med denne meldinga den trenden. Det er gledeleg og på tide, understrekar Sandsmark.
Stortingsmeldinga problematiserer at barn og unge med nynorsk eller samisk som førstespråk har langt færre moglegheiter til å bli trygge språkbrukarar. Dei viser blant anna til mangelen på strøymetenester, levande bilete, lydbøker, teikneseriar, omsett litteratur og sakprosa for barn og ungdom, mindre formidling av nynorsk i Den kulturelle skulesekken og på andre kulturarenaer for barn og ungdom.
– No blir arbeidet for kulturminister Raja, politikarane på Stortinget og framtidige kulturministrar å realisere desse måla og tankane. Ei samla nynorskrørsle ventar at statsbudsjetta framover har konkrete tiltak som styrkjer tilgangen på kultur på nynorsk for barn og ungdom, avsluttar Sandsmark.