Reiser rundt og inspirerer fleire til å sy
Publikum på fem ulike bibliotek på Søre Sunnmøre kan gle seg til ei inspirerande stund med redaktør Christine Fure Schwarz 23.–25. mai.
I fleire år har Christine Fure Schwarz inspirert det norske folk til å sy gjennom Instagram-kontoen sin @silkeogdynamitt. I 2021 gav ho ut boka Redesign: Sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg. I neste veke kjem ho til Søre Sunnmøre for å halde føredrag om boka, der målet er å inspirere enda fleire til å finne gleda med å sy om eigne kle.
– Gjenbruk og oppgradering av gamle plagg er i vinden. Dette forfattarmøtet vert eit friskt og annleis innslag for både unge og vaksne på biblioteka denne våren. Fure Schwarz oppfordrar publikum til å ta med eit eige plagg eller prosjekt for å få direkte tips og innspel, så her er det høve til å oppdatere garderoben sin før sommaren, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.
Desse får inspirerande besøk
Fure Schwarz kjem til Sula bibliotek og Stranda bibliotek måndag 23. mai. Arrangementet i samarbeid med Stranda bibliotek vert arrangert på Hygge i Storgata. Tysdag 24. mai besøkjer Redesign-redaktøren Hareid folkebibliotek og Ørsta folkebibliotek. Brattvåg bibliotek får besøk onsdag 25. mai.
Litteraturhus i Møre og Romsdal
Redesign-turneen er ein del av vårprogrammet i prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Arrangementa er opne for alle, gratis og planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.