Reidar Djupedal-samlingane
Ivar Aasen, Nynorsk i bruk, Aasentunet
Denne samlinga blei testamentert til Ivar Aasen-museet i 1987, overført til Ørsta i 1994 og har vore i Aasentunet frå 2000.
Språkforskaren og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal (1921–89) si omfattande boksamling er gitt i gåve til Aasentunet. Kring 1990 rekna ein med at samlinga inneheldt rundt 14 000 band, men vår eiga registrering viser at samlinga er vesentleg større. Rundt 19 400 band er registrerte, i tillegg kjem vel 15 200 uregistrerte band, til saman 34 600 band. Samlinga inneheld bøker, periodika, småtrykk og særprent innan ulike fagområde, men med vekt på språk- og litteraturvitskap, og på i alle fall 15 ulike språk; hovudsakleg norsk, dansk, svensk, islandsk, færøysk og frisisk.
Reidar Djupedal-arkivet inneheld notat, manuskript, klipp, korespondanse m.m. frå og til Reidar Djupedal.