SixSides vert utstillingsprodusent i Vinje
SixSides AS er vald som utstillingsprodusent for Vinje-senteret for dikting og journalistikk.
Nynorsk kultursentrum lyste ut anbod på utstillingsproduksjon rett før jul i 2019. Sju tilbydarar leverte gjennomarbeidde anbod. Alle var innanfor budsjettramma på 5 millionar kroner. Eit prosjekt skilte seg klart ut.
SixSides AS har levert eit konsept som tydeleg syner at fantasi og fakta, dikting og sanning, finst både i diktinga og journalistikken. Ein treng begge delar for å skildre samfunnet vi lever i. Vinnaren av anbodet var den produsenten som svara best på alle kriteria i utlysinga.
– Styret i Nynorsk kultursentrum er trygge på at vi har vald ein produsent som kan levere det dei lovar. Dei har synt tidlegare at dei kan halde tidsfristar og budsjett, og at dei tenkjer godt om korleis ein best formidlar til publikum, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum driv mellom anna festivalar og museum i Ørsta, Ulvik og Vinje. I kommunen der Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas og Aslaug Vaa er frå, og Halldis Moren Vesaas levde, skal stiftinga opne eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, fakta og fantasi, med opplevingar for både barn og vaksne. Vinje-senteret opnar hausten 2021.
Utstillinga er finansiert av Kulturdepartementet, Vinje kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Fritt Ord og DNB Sparebankstiftelsen.
Det nye bygget til Vinje-senteret er snart klart til å byggje utstilling i. – Vi gler oss stort til å ta til med å utforme utstillinga i samarbeid med SixSides. Utstillinga blir det einaste av sitt slag i Noreg og skal vise skilnaden og samanhengen mellom dikting og journalistikk, fantasi og fakta, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala.
– Målet er å skape ei utstilling som forsterkar forteljinga. Vi ønskjer at gjestene våre skal få noko meir enn det dei trudde dei skulle å oppleve, seier utstillingsansvarleg ved Vinje-senteret Kristin Person.
SixSides har brei erfaring frå å produsere utstillingar for museum, bibliotek og bedrifter. Dei var også utstillingsprodusent for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
– Dette er eit svært spennande prosjekt. Vi har gode røynsler frå å arbeide med Nynorsk kultursentrum frå tidlegare, og ser fram til å byrje arbeidet, avsluttar prosjektleiar i SixSides Tommy Modalsli.