Skal forske på dei digitale festivalane
Kan ein digital festival erstatte ein fysisk festival? Med 720 000 kroner frå Kulturrådet og Forskingsrådet set Nynorsk kultursentrum i gang med å forske på om det digitale innhaldet kan gi festivaldeltakarar eit fullverdig tilbod.
Litteraturfestivalane er ein viktig del av litteraturformidlinga i Noreg, heiter det i søknadene frå stiftinga. Nynorsk kultursentrum driftar tre slike festivalar. Dei nynorske festspela i Ørsta, Poesifestivalen i Ulvik og Litteraturdagane i Vinje.
Saman med Telemarksforsking, Høgskolen i Innlandet og festivalen Bøker i Bø skal Nynorsk kultursentrum no undersøkje, utforske og skape modellar og verktøy for digitalt festivalinnhald. Målet er å gjere det lettare for små og mellomstore festivalar å skape digitalt innhald som alternativ og supplement til ordinært program, utan at den lokale forankringa og den sosiale festivalkjensla går tapt.
Festivalgjestene verdset gjerne festivalane som leverandør av ein sosial møteplass i eit interessefellesskap. Er det mogleg å skape ein slik sosial møteplass digitalt?
Kristian W. Rantala er dagleg leiar ved Vinje-senteret, som Nynorsk kultursentrum opnar neste haust. Rantala har skrive søknaden og koordinerer forskinga, og han gler seg over tilliten frå Kulturrådet og Forskingsrådet. Rantala forklarer bakgrunnen for søknaden slik:
– Pandemien har framskunda både behovet og interessa for digitale arrangementsalternativ for store delar av kulturfeltet. For oss som driv små og mellomstore litteraturfestivalar, utgjer kostnadene til dei digitale løysingane ei stor utfordring. Vi er også opptekne av å halde fram med lokal forankring og syte for at festivalane er gode sosiale møteplassar.
– Vi vil forske på dei digitale forsøka som er gjort i sommar, undersøkje korleis publikum har opplevd dei, og med det finne ut av kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere meir av, held han fram.
Hovudmålet i prosjektet er å avdekkje i kva grad det er mogleg å arrangere ein digital litteraturfestival med lokal forankring som også fungerer som ein sosial møteplass, og vidare setje saman eller utvikle løysingar som er enkle å ta i bruk for små festivalar.
Kulturrådet har i denne runden gitt tilskot til 14 søkjarar i utviklingsprogrammet for kulturinstitusjonar. Til saman er det innvilga fem millionar kroner, og av dette går 400 000 kroner til Nynorsk kultursentrum. Kulturrådet kallar prosjektet om digitale festivalar interessant og skriv at det blir spennande å følgje forskinga framover. Forskingsrådet og Vestfold og Telemark fylkeskommune har tidlegare i år løyvd 320 000 kroner til det same prosjektet gjennom ordninga Innovasjonsregion Telemark.