Skal mette svoltne Festspel-gjestar

Olav Opsvik og Stian Osdal framfor Aasentunet
Arenaleiar i Aasentunet Olav Opsvik og Stian Osdal i Osdals Catering ser fram til samarbeidet under Festspela 9.–12. juni. Foto: Benedikte Flataker/Nynorsk kultursentrum

Osdals Catering skal stå for det meste av matserveringa i Aasentunet under Festspela 9.–12. juni. 

 

– For oss er det ei ære å få vere med å bidra på eit så viktig arrangement i lokalsamfunnet. Festspela synleggjer området vi bur i på ein veldig god måte, og vi er stolte av å få vere ein del av denne festivalen, seier Stian Osdal i Osdals Catering.

Tidlegare år har Aasentunet tatt seg av mesteparten av matserveringa under Festspela sjølve, men med omstrukturering og endring i kafétilbodet blei det naturleg å få med eksterne krefter.

– Vi er glade for å få med oss Osdals Catering på Festspel-laget. Her dreg vi nytte av mange års erfaring på feltet, så publikum kan gle seg til god mat i tillegg til fleire flotte konsertar og interessante føredrag, seier Olav Opsvik, arenaleiar i Aasentunet.

Fleire lokale bidragsytarar
Nytt av året er også at det er utarbeidd ein eigen vinmeny for Festspela. Denne vil ein finne både i Aasentunet og under arrangementet på Tredet i Volda 10. juni.

– Det er vinkelner Nina Viddal, som mellom anna er i gang med Haula Vingård i Hjørundfjorden, som har utarbeidd menyen for oss, og vi er veldig nøgde med resultatet. Her er det kvalitet og miljømedvitne – og ikkje naudsynleg pris – som er viktigast, seier Opsvik.

Som elles i året vil ein også få servert dei populære kakene til Trine Foldal i Aasentunet under Festspela.

Ventar på at det skal brake laus
 
I vekene fram mot Festspela er det den berre den siste finpussen som står att.

– Menyen er snart spikra, så no gjeld det berre å bestemme seg for kor mykje ein skal lage opp av dei ulike rettane, seier Osdal.

Og programbiten er heilt klar.

– Alle arrangementa er lagde ut og billettsalet har teke seg opp. No går vi berre og gler oss til at det heile skal brake laus, seier Opsvik.

Her kan du kjøpe billettar til Festspela 2022