Solid fleirtal for nynorsk administrasjonsspråk
Med eit solid fleirtal på 30 mot 17 stemmer vedtok Møre og Romsdal fylkeskommune i dag å halde på nynorsk administrasjonsspråk.
– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at fylkeskommunen framleis skal ta eit særleg ansvar for å gjere nynorsk synleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Det solide fleirtalet er større enn ved sist votering, i 2016.
Fylkestinget samla seg også om tre tiltak som kan gjere det enklare å vere nynorskbrukar i vidaregåande opplæring:
• Dei vidaregåande skulane skal bruke det språket som vertskommunen brukar.
• Elevane skal ha tilgang til lærebøker og digitale læremiddel på både nynorsk og bokmål
• Dei vidaregåande skulane skal leggje til rette for at det skal vere like lett å halde på språket sitt for nynorskelevane som for bokmålselevane.
– Eg ser fram til at fylkeskommunen omset desse vedtaka til praksis, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Møre og Romsdal har 16 kommunar med nynorsk språkvedtak, 10 språknøytrale kommunar og 1 fylkeskommune med nynorsk språkvedtak. – Vedtaket i dag speglar det særlege ansvaret Møre og Romsdal fylkeskommune bør ta for nynorsk, avsluttar Sandsmark.