Utdrag Sommarpasset 2022

No er Sommarpasset 2022 tilgjengeleg i Haugesenteret

Med vårt sommarpass kan du oppleve kunst, kultur, historie og poesi på 11 ulike museum i Hardanger og Voss til redusert pris denne sommaren.

Frå og med 25. mai finn du Sommarpasset 2022 hjå oss i Haugesenteret. Med sommarpasset betalar du full pris ved første museum og halv pris når du besøker dei resterande musea. 

Dette er dei 11 musea som har gått saman om sommarpasset: 

  • Haugesenteret (Ulvik)
  • Kraftmuseet, Kraftstasjonen (Tyssedal) 
  • Kraftmuseet, Lilletopp (Tyssedal) 
  • Kraftmuseet, Lindehuset (Odda)
  • Kraftmuseet, Kraftlabbe (Odda) 
  • Folgefonnsenteret (Rosendal) 
  • Hardanger Fartøyvernsenter (Norheimsund) 
  • Kunsthuset KABUSO (Øystese)
  • Hardanger folkemuseum (Utne) 
  • Agatunet (Aga) 
  • Voss folkemuseum (Voss) 

Velkomen til oss! 

 

 

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre