Språk- og kulturprosjekt

Kvart år produserer Nynorsk kultursentrum fleire nasjonale språk- og kulturprosjekt. Her kan du oppleve mange av dei.

Skeiv litteraturfest 2022

I 2022 er det 50 år sidan kjærleik mellom likekjønna vart avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å feire dette gjennom å formidle skeiv litteratur, det skeive i litteraturen og litteraturens kraft og potensiale for oss som samfunn og medmenneske.  

Markering for Ukraina: Tryggleik, identitet, språk og kunnskap under press

Nynorsk kultursentrum vil vise støtte til Ukraina gjennom å setje saman nokre tekstar frå ulike utøvarar som får fram ulike sider ved krigen. Temaet er vidt, men vi ønskjer å synleggjere korleis tryggleik, identitet, språk og kunnskap kjem under press når eit land eller eit område står i ein slik situasjon som Ukraina gjer i dag.

Tarjei Vesaas-jubileum 2022

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. Han er ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg, og forfattarskapen er tydeleg representert ved Vinjesenteret, som opna i august 2021. Nynorsk kultursentrum vil med støtte frå Kulturrådet, Vinje kommune og Bergesenstiftelsen markere jubileumsåret ved fleire høve.  

Fakta og fantasi

I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein nynorsk tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. 

 

Mitt språk – min song

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst.

100-årsjubileet for fyrebilsbibelen

I år er det 100 år sidan den første bibelen på nynorsk kom ut. Den såkalla Fyrebilsbibelen – som var meint å vere førebels – var ei storhending i samtida og var med på å syne at nynorsk kan brukast til alt.

Litteraturhus i Møre og Romsdal

Gjennom prosjektet «Litteraturhus i Møre og Romsdal» vil Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gi folk i heile fylket gode litteraturopplevingar.

Stader for skrift

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»?

Nynorske pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg.

Aleine saman

No er mange aleine, men me er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for deg eller andre? Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele sine bidrag.

2-meter

Nynorsk kultursentrum utfordra 18 poetar, frå nord til sør, til å skrive eit dikt under tittelen 2-meter. Fotograf Ådne Dyrnesli har portrettert kvart dikt med eit fotografi.