Nynorske pilotbibliotek
Vil biblioteket ditt få gratis arrangement og auka kompetanse på nynorsk litteratur?
Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga nynorske pilotbibliotek med søknadsfrist 8. april 2021. Inntil fem bibliotek i kommunar med nynorskelevar i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet kan bli med i 2021–2023. Både folkebibliotek og skulebibliotek kan søkje. Send ein søknad i dag!
Om Nynorsk kultursentrum
Stiftinga Nynorsk kultursentrum er skipa av norske universitet, fylkeskommunar, kommunar og kultur- og kunnskapsorganisasjonar for å fremje nynorsk skriftkultur. Kvar dag inviterer vi til opplevingar på og om nynorsk ved dei faste arenaene våre, på nett og på turné i heile landet.
Nynorsk kultursentrum har faste arenaer i Møre og Romsdal (Aasentunet), Vestland (Haugesenteret) og Vestfold og Telemark (Vinjesenteret). Kvart år har vi arrangement og utstillingar i 50–100 kommunar.
Nynorske pilotbibliotek-satsinga
Som del av vegen mot å nå visjonen vår om språk, kultur og kunnskap til heile landet etablerer Nynorsk kultursentrum ei toårig satsing med nynorske pilotbibliotek. Vi ønskjer å nå kommunar med nynorskelevar i dei fylka der vi ikkje har faste arenaer. Derfor søkjer vi i denne omgang etter kandidatar frå Agder, Rogaland, Viken og Innlandet.
Søknadsfristen er 8. april 2021.
Dette får pilotbiblioteka
• Minst tre arrangement i året, der vi dekkjer honorar, reise, overnatting og diett for utøvarar
• Minst to utstillingar i året, der vi dekkjer frakt
• Minst eitt besøk i året frå våre tilsette, som då vil snakke med brukarar og bibliotekarar for å få innspel til korleis formidlinga vår kan vere
• Årleg samling for tilsette om nynorskformidling i biblioteka, der vi dekkjer reise, overnatting og mat
• Høve til å gi tilbakemeldingar på opplegga og ideane våre
• Høve til å forme nynorsk litteratur- og språkformidling på folkebiblioteka
Dette må de gjere som nynorsk pilotbibliotek
• Stille opp på den årlege samlinga
• Stille lokale til disposisjon for ulike arrangement, med mikrofon og anna enkelt teknisk utstyr, og marknadsføre arrangementa
• Ved høve tilby utstillingar til nabobibliotek
• Gi tilbakemeldingar på gjennomføringa av arrangement og utstillingar, og kome med idear til nye
• Oppmode brukarar til å delta i eit nettpanel, der dei kan kome med idear og tilbakemeldingar til opplegga våre
• Vise fram at biblioteket er eit nynorsk pilotbibliotek og samarbeider med Nynorsk kultursentrum, på nettstader og i biblioteklokala
Krav til søkjarane
• De må vere eit folkebibliotek eller eit skulebibliotek i ein kommune med nynorskelevar i Viken, Innlandet, Rogaland eller Agder
• De må sende oss ein kort søknad gjennom dette søknadsskjemaet
• Søknaden må vere send innan fristen 8. april 2021.
Det kan telje positivt om de har andre tiltak for å styrkje nynorsk litteraturformidling ved biblioteket, eller at dette skjer gjennom anna kulturarbeid i kommunen, men det er ikkje eit krav for å delta.
Gjennomføringa vår
Prosjektet skal etter planen starte opp hausten 2021.
Samlingane vert gjennomførte ved ein av arenaene våre.
Kontaktpersonen hos oss er Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum. Ta kontakt per e-post om du har spørsmål om prosjektet eller søknaden: post@nynorsk.no.