KRONIKK
Står mangfaldet sterkare i 2020 enn i 1970?
Dersom styresmaktene lukkar auga på same måte som ved kommunereforma for 50 år sidan kan det kulturelle og språklege mangfaldet i Noreg bli svekka.
Dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet fram til 1970 førte til store språkpolitiske endringar. Omsynet til nynorsk blei ikkje tenkt på når ein la nye kommune- og skulestrukturar. Det kunne vore endra. Språklege grenser treng ikkje følgje kommunegrensene. Det krev medvit.
Dei nye strukturane kjem til å påverke bruken av nynorsk og bokmål. Om styresmaktene ikkje er medvitne maktforskyvinga nye strukturar fører med seg kan dei undergrave norsk språkpolitikk, og med vit og vilje gjere det vanskelegare å vere nynorskbrukar.
Kommunereforma og nynorsk
- Etter kommunereforma er det 88 kommunar som krev nynorsk i kommunikasjon med staten. I 22 nøytrale kommunar er det i skuleåret 2019-2020 nynorskklassar eller -skular. I Noreg er det totalt 356 kommunar.
- Talet føreset at alle kommunane som har inngått samanslåingsavtale om skriftspråk gjer formelle vedtak om dette.
For oss som er opptekne av at norsk er både bokmål og nynorsk er det viktig å følgje med kva som skjer i desse ni nye kommunane: Molde (Molde, Midsund og Nesset), Hustadvika (Fræna og Eide), Ålesund (Ålesund, Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje), Øygarden (Fjell, Sund og Øygarden), Ullensvang (Ullensvang, Odda og Jondal), Stavanger (Stavanger, Rennesøy og Finnøy), Sandnes (Sandnes og Forsand), Lyngdal (Lyngdal og Audnedal) og Midt-Telemark (Bø og Sauherad).
Trygg i eige språk
For å bli trygg i eige språk må ein sjå sitt eige språk mest mogleg og i flest moglege samanhengar. Derfor tyder det meir språkpolitisk når ein kommune eller fylkeskommune informerer på dei samiske språka, finsk, kvensk og nynorsk enn det dominerande skriftspråket, bokmål.
Den offentlege informasjonen i mange av bygdene og tettstadene som blir slått i hop med større einingar har i stor grad vore på nynorsk. Det er viktig at innbyggjarane får sjå språket sitt ofte og i mange samanhengar, også når dei blir ein del av dei nye kommunane der det både nynorsk- og bokmålselevar etter kommunereforma. Det same prinsippet må gjelde dei nye fylkeskommunane.
Sterkt i verda, utfordra i Noreg
Nynorsk er, i internasjonal samanheng, eit sterkt skriftspråk. Det er i bruk kvar dag i forvaltning, rettsvesen, næringsliv, media, skule, trussamfunn, foreiningsliv, kunst, vitskap og heime hos folk. Det gjeld dei færraste språka i verda.
Av språklege mindretal i skulen i Europa er det berre fransk i Sveits og Belgia og katalansk i Spania som er større i tal enn nynorskbrukarane. Dei formelle rettane til nynorskbrukarane er stort sett gode, men det blir tatt for lite omsyn til at det er annleis å vere i mindretal enn å vere i fleirtal.
Bokmål står stort sett sterkt på dei fleste fagområde og i dei fleste geografiske område i Noreg. Bokmålsbrukarane får sjå sitt eige språk i bruk på mange ulike måtar og om mange ulike emne. Det får nynorskbrukarane i mindre grad.
Nasjonalt er det færre medietilbod, mindre offentleg informasjon og mindre kommersiell informasjon på nynorsk enn på bokmål. Derfor er kommunane og fylkeskommunane spesielt viktige for nynorskbrukarane. Det er lokalt det nynorske står sterkast, både i media, administrasjon, næringsliv og sosialt. Men for at dette skal halde fram krev det medvite arbeid frå styresmaktene.
For å sikre det nasjonale språklege mangfaldet må kommunane ta eit særleg ansvar for språkbrukarane som er i nasjonalt mindretal.
Det tyder at når dei kjøper inn programvare og digitale læremiddel må dei krevje at det er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål. Det tyder at kulturinstitusjonane i kommunen bør vere medvitne og gi innbyggjarane opplevingar med nynorsk språk og litteratur. Det krev også at ein er med på å støtte opp om tettstadene, skulane og andre samlingspunkt i dei delane av kommunen mindretalsspråket står sterkast.
Nasjonal språkpolitikk som sikrar mangfaldet
Dei lokale og regionale styresmaktene kan ikkje ta ansvar aleine. Denne våren skal regjeringa fremje ei ny språklov og språkmelding. Desse må i tillegg til å sikre norsk som eit samfunnsberande språk, vere med på å tryggje det norske språklege mangfaldet. I dette ligg også eit ansvar for nynorskbruk i heile landet.
Den nye lova bør plikte fylkeskommunane og kommunane til å ta språkpolitisk ansvar, særleg for nynorsk, dei samiske språka, finsk, kvensk, norsk teiknspråk, romani og romanes. Til dømes bør fylkeskommunane informere på nynorsk i kommunar der nynorsk er i bruk i skulen, og dei må leggje til rette for at elevar flest ikkje byter skriftspråk i løpet av vidaregåande skule.
Språkmeldinga må også syne at det er eit mål å sikre at nynorsk er like geografisk utbreidd som i dag. Det krev mykje innsats i dei nye kommunane Molde, Stavanger og Midt-Telemark for å sikre det. Det må kommunane få hjelp til. Det fekk dei ikkje på 1970-talet. Det må dei få no.