Diktarstien i Hardanger:

Steinar Opstad får Diktartavla 2022

Bilete av Steinar Opstad.
Poeten Steinar Opstad får Diktartavla 2022. Foto: Rolf M. Aagaard, Kolon Forlag

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar ein av våre fremste poetar Steinar Opstad med ein plass på den vakre Diktarstien i Hardanger. Prisutdelinga finn stad på Utne laurdag 11. juni.

Steinar Opstad har gitt ut ti diktsamlingar sidan han debuterte med Tavler og bud i 1996. Familierelasjonar, einsemd og lengt er tema som opptek Opstad. Bibelske og eksistensiell motiv står òg sentralt i diktinga hans. – Steinar Opstad sin poesi er på same tid søkande og jordnær. Han viser oss nye måtar å sjå og erfara verda på, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret. I eit essay skriv Opstad: «Den poeten som ikke har gjort seg skyldig i at en verdensanskuelse blir synlig, har heller ikke gjort jobben».

Diktarstien ved Hardanger folkemuseum
Diktarstien er ein vakker hellegang med 31 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Opstad går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla, blant dei Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Paal-Helge Haugen og Øyvind Rimbereid.

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Opstad framføre utvalde verselinjer, og snakke om diktinga si saman med Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk kultursentrum. Etter den litterære samtalen blir det konsert med Elisabeth Vatn. – Det blir ein flott og spennande konsert med ein allsidig musikar som beherskar både folkemusikk, verdsmusikk og den klassiske sjangeren, seier Guro Kvalnes, avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum.