Storegutprisen til Runar Gudnason og Side Brok

Runar Gudnason og Side Brok fekk Storegutprisen 2021.

Runar Gudnason og Side Brok fekk overrekt Storegutprisen under Litteraturdagane i Vinje siste helga i august.

– Eg og vi i Side Brok er stolte av denne prisen. Rappmusikken er ikkje bortskjemd med denne typen prisar, så eg er òg stolt på rapp sine vegner, uttalte Gudnason i takketala.   

Hovudføresetnaden for å bli vurdert for Storegutprisen er at ein på ein positiv måte nyttar ein levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

Det er Runar Gudnason som har vore frontfigur, tekstforfattar, hovudrappar og kreativ drivkraft i Side Brok, med syskenbarnet Bård Aasen Lødemel alias Skatebård som sentral medspelar. På nokre av platene er i tillegg sambygdingane Oddgeir Kristensen og Knut Petter Sævik med, og Tore Brevik frå Ålesund.

Eit sjeldsynt fenomen i norsk musikkliv

– Runar Gudnason og rapduoen Side Brok kjem frå Hovdebygda på Sunnmøre, og saman med medspelande musikarar har Runar Gudnason stått fram som eit sjeldsynt fenomen i norsk musikkliv. Dei er seg sjølve. Bygdenorske og internasjonale på same tid, og på eit dialektfarga nynorsk. Det er høg kvalitet over det dei leverer. Der er ein solid og leikande språkleg sans, til tider mørk, men òg ofte humoristisk vri i tekstane til Side Brok, skriv juryen, beståande av Ragnvald Christenson, Guro Ljone og Stein Versto.

I grunngjevinga vert det også peika på at rappduoen har stor kraft, integritet og spenst.           

 – Side Brok sparkar til alle kantar, både musikalsk og tekstleg. Ein kan verkeleg seie at Runar Gudnason og Side Brok nyttar eit levande og ledig nynorsk. At gruppa debuterte i same året som prisen vart oppretta, er då heller slett ikkje noko minus, står det i grunngjevinga.

Storegutprisen vart oppretta i 2002 etter initiativ frå Ragnvald Christenson. Runar Gudnason og Side Brok er den 19. mottakaren av prisen som har namn etter diktsamlinga Storegut av Aasmund Olavsson Vinje. Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna Linda Eide, Odd Nordstoga, Herborg Kråkevik og Are Kalvø.

Litteraturdagane gjekk føre seg parallelt som den offisielle opninga av Vinjesenteret fann stad. Vinjesenteret for dikting og journalistikk er Nynorsk kultursentrum sin nye kulturinstitusjon. Frå før eig og driv dei Aasentunet i Ørsta og Haugesenteret i Ulvik.