Støttar aksjon for nynorske læremiddel

50 år etter at over 30 000 elevar streika for at lærebøker skal kome ut på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris, er det framleis behov for aksjonar som krev nynorske læremiddel. 27. og 28. oktober aksjonerte over 500 elevar for nynorske læremiddel i Øystese og Volda.

Aksjon for nynorske læremiddel. Øystese
Rundt 200 elevar og lærarar ved Øystese vidaregåande skule deltok på aksjonen for nynorske læremiddel - samstundes som dei markerte at det er 50 år sidan over 30 000 elevar streika for å få lærebøker på nynorsk. (Foto: Noregs Mållag)

I dag, 28. oktober, er det 50 år sidan over 30 000 elevar ved om lag 110 vidaregåande skular streika for at lærebøker skal kome ut på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris.

Tre år seinare, i 1974, blei det vedtatt i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris.

– Denne lova gjeld enno, men kvart år ved skulestart er det mediesaker om nynorskelevar som ikkje får lærebøker på opplæringsspråket sitt. Mange må vente i fleire månader, eller ta i bruk bokmålsutgåver i mangel på læremiddel på sitt eige språk, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.

Med auka bruk av digitale læremiddel siste åra har problemet blitt større. Ein del av utfordringa er at læremiddel i opplæringslova ikkje er definerte i tråd med det som faktisk blir brukt i opplæringa, og derfor i mange tilfelle ikkje omfatta av lova om jamstilling av læremiddel.                   

– Forslaget til ei ny opplæringslov er ute på høyring. Med aksjonane i Øystese og i Volda får også elevane heva stemma, og sagt frå at det må takast grep for å sikre nynorske læremiddel i den nye opplæringslova, seier Slenes.

Det er aksjonsgruppa for nynorske læremiddel og dei ulike elevråda ved skulane som er tilskipar av aksjonen. Også Noregs Mållag stør aksjonen.

Dersom om du vil lese meir om Norsk Målungdom og læremiddelaksjonar kan du gjere det her: Digitalt museum: Norsk målungdom og læremiddelaksjonar.

Aksjon for nynorske læremiddel. Volda
Rundt 350 elevar frå Volda ungdomsskule og Volda vidaregåande skule deltok på aksjonen i Volda 28. oktober. (Foto: Jonas Otneim Myklebust/Noregs Mållag)
Aksjon for nynorske læremiddel. Volda
Appellantar i midten: Tare Reklev Øverbø, Synnøve Marie Sætre og Frida Pernille Mikkelsen. Elevar ved banner frå venstre: Adele Rangsæter, Tuva Lid, Eirik Hasle og Thea Brenne. (Foto: Jonas Otneim Myklebust/Noregs Mållag)