Tarjei Vesaas-året 2022

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. Nynorsk kultursentrum vil markere dette ved ulike høve gjennom året. Det startar med eit magisk møte med litteraturen ved ismusikkfestivalen ved Bergsjøen i Ål 4.6. februar 2022, der eine konsertscena er inspirert av boka Is-slottet i høve jubileet.  

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. 
Nynorsk kultursentrum vil markere dette ved ulike høve gjennom året. Det startar med eit magisk møte med litteraturen ved ismusikkfestivalen ved Bergsjøen i Ål 4.–6. februar 2022, der eine konsertscena er inspirert av boka Is-slottet i høve jubileet. 

Tarjei Vesaas, Arnhild Litleré, Stein Versto og Terje Isungset.
Foto Tarjei Vesaas: Leif Ørnelund / Oslo Museum, lisens CC BY-SA 4.0. Foto Arnhild Litleré: Pressefoto Foto Stein Versto: Ånond Versto/Samlaget Foto Terje Isungset: Takashi Nagasawa.

Nynorsk kultursentrum samarbeider med ismusikkfestivalen om å heidre Vesaas og litteraturen hans. Laurdag og søndag får publikum ei unik oppleving med komponist og musikar Terje Isungsets isperkusjon og skodespelar Arnhild Litleré som les Tarjei Vesaas’ tekstar frå Is-slottet.  

Ål kommune blei i 2021 kåra til «Årets nynorskkommune» av Kulturdepartementet og Språkrådet. Dette er første gongen ismusikkfestivalen blir lagt til Bergsjøstølen i Ål. Musikkfestivalen er planlagd på naturens premissar og har fokus på klimaforsking og berekraft. I år er både samisk joik og nynorsk skriftkultur tydeleg representert. Konsert-arenaen og instrument er laga av is og snø. Festivalen samarbeider tett med Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Designstudentane har ansvar for bygging av arenaen, og i år er ein av igloane inspirert av Is-slottet og via til Vesaas-jubileet.  

Foredrag om Vesaas for vidaregåande elevar og bibliotekgjester 
8.–10. februar får alle yrkesfag- og påbyggelevar som har norskfag ved Ål vidaregåande skole besøkje festivalområdet på Bergsjøstølen, og høyre Vesaas-foredraget «Dei store gåtene og den gode viljen» av Stein Versto. Skuletilbodet er eit samarbeid med Ål kommune.  

– Tarjei Vesaas er dei store gåtenes diktar, men han er òg ein forfattar med den gode viljen og det menneskelege samvitet fullt til stades i sin skrivekunst. I dag treng vi båe delar. For å kunna løyse utfordringane i tida treng vi å forstå meir av kven vi er og kvifor vi er til, og vi treng ikkje minst den gode viljen – viljen til samkjensle mellom alle menneske. Tarjei Vesaas er såleis kanskje meir aktuell enn nokon gong, seier Versto.

I foredraget sitt les han frå nokre av dei mest sentrale bøkene i forfattarskapen, mellom anna Fuglane  og Is-slottet.  11. februar held Versto foredraget ved det nynorske pilotbiblioteket i Hemsedal. Biblioteket er eitt av fem pilotbibliotek som Nynorsk kultursentrum jobbar tett med for å formidle nynorsk språk og kultur. 

Nynorsk kultursentrum og Stein Versto har også eit nytt tilbod om Tarjei Vesaas i Den kulturelle skulesekken frå hausten 2022. 

Bakgrunn: 
Tarjei Vesaas er ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg. Forfattarskapen er tydeleg representert ved det nye Vinjesenteret for dikting og journalistikk, som Nynorsk kultursentrum i august 2021 opna i Vinje i Telemark. Nynorsk kultursentrum vil med støtte frå Kulturrådet, Vinje kommune og Bergesenstiftelsen markere jubileumsåret ved fleire høve. Dei ulike arrangementa blir publiserte på www.nynorsk.no

Arnhild Litleré er fødd i Strandebarm i Hardanger. Ho er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og Oslo Film og TV-akademi og har hatt oppdrag på dei fleste store teaterscenane i Noreg. I dei siste åra har ho vore med i fleire tv-seriar, til dømes den populære komiserien «Side om Side» (2013–2022). Ho lagar eigne framsyningar med poesiprogram saman med ulike musikarar. Ikkje minst har ho arbeidd mykje med Jon Fosse og Olav H. Hauge sine tekstar. Hennar repertoar som skodespelar spenner vidt med sentrale roller i teaterstykke. Mange vil nok kjenne att stemma hennar frå «Eventyrstund med Janosch» på NRK barne-tv, om den vesle bjørnen og den vesle tigeren. Ho har også publisert dikt og noveller på Cappelen Damms forlag. Litleré var med å starta Jon Fosse-dagane i Strandebarm i 2009, og sit no i styret for Jon Fosse-stiftinga. 

Stein Versto bur i Vinje. Han er skjønnlitterær forfattar og folkemusikar, og har gitt ut noveller, dikt, ein roman og ein biografi, og ei rekkje med artiklar og essay.  

Terje Isungset er komponist og ismusikar. Han har teke initiativ til og er ein sentral aktør under ismusikkfestivalen som no blir gjennomført for 17. gong. Han samarbeider med både nasjonale og internasjonale aktørar. Les meir om festivalen her: https://www.icemusicfestivalnorway.no/velkommen