Tek publikum med på kvar si reise

Kollasj av Bjørn Hatterud og Halvor Folgerø.

Dei to neste vekene turnerer forfattarane Halvor Folgerø og Bjørn Hatterud rundt på ni ulike bibliotek på Søre Sunnmøre. Folgerø inviterer til ei spennande reise på skumle vestlandsvegar, medan Hatterud tek publikum med på ein biltur med mor si og, ikkje minst, ei annleis klassereise.

Allereie i starten av mai kan publikum få med seg føredraget med Bjørn Hatterud, som tek for seg boka si Mjøsa rundt med mor – ei livsreise. Her snakkar Hatterud om si eiga klassereise, og fortel om korleis han gjekk frå å vere ein ung bygdegut busett nord for Brumunddal til å arbeide seg inn i kulturfeltet i hovudstaden. Som homofil mann med ei funksjonsnedsetting fortel Hatterud også om korleis ein aldri kjem seg heilt vekk frå plassen ein vaks opp. Samstundes hyllar han heimstaden, sin eigen generasjon og si eiga mor.

Hatterud mottok Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 for sitt sterke og kritiske bidrag til å sette lys på samfunnssituasjonen og ytringskulturen for personar med funksjonsnedsetjingar i Noreg.

– Føredraget kjem utvilsamt til å innehalde gode betraktningar og refleksjonar rundt det å leve, seier Kim Åge Furuhaug, produsent, Nynorsk kultursentrum.

Hatterud besøkjer det nynorske pilotbiblioteket i Lom 3. mai, før han kjem til Litteraturhus i Møre og Romsdal. Han besøkjer Moa bibliotek 4. mai, Vanylven folkebibliotek 6. mai og Volda folkebibliotek 7. mai. Arrangementet i Volda er eit samarbeid med Bygdepride i høve Skeivt Kulturår. 

Spesialtilpassa føredrag for Sunnmøre
Halvor Folgerø reiser rundt med salssuksessen Vestlandsvegar, som tek for seg både spektakulære og skumle vegar. Vestlandet er kjent for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekkvegane erstatta av tunellar, men Folgerø tek publikum med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunellane, til både berykta og berømte vegar. Folgerø set søkjelys på historier som får fram korleis det var for folket som var avhengig av desse vegane i kvardagslivet. Han lovar eit spesialtilpassa føredrag for publikum på Sunnmøre.

–Folgerø er ein framifrå forteljar og kjem med eit engasjerande føredrag som treff alle som nokon gong har reist på ei smal og krunglete veg –uansett kvar, seier Furuhaug. 

Folgerø besøkjer Sande og Giske bibliotek 9. mai, Valldal bibliotek 10. mai, Volda folkebibliotek og Ulstein bibliotek 11. mai, samt Hareid bibliotek og Herøy folkebibliotek 12. mai.

Litteraturhus i Møre og Romsdal
Dei to turneane er ein del av vårprogrammet i prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Arrangementa er opne for alle, gratis og planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.