Ulvik poesifestival flytta til september 2021

Bilete frå Ulvik poesifestival

På grunn av den usikre korona-situasjonen er det no bestemt at Ulvik poesifestival blir flytta til 2021.   Poesifestivalen i Ulvik er ein intim festival som tek heile bygda i bruk med arrangement på mange små arenaer, dette gir festivalen eit særpreg og ein identitet som vi ikkje vil miste, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.  

Festivalen utsett til 2021 
Poesifestivalen som var planlagt for helga 11.13. september, blir  flytta til 3.5. september 2021. – Nynorsk kultursentrum som eig og driv festivalen, er oppteken av tryggleiken til publikum og dei mange frivillige som bidreg til å gjennomføre festivalen i poesibygda i HardangerVi meiner at dette er den beste løysinga for alle partar. Sidan festivalen blir arrangert anna kvart år, er det difor meir snakk om ei utsetjing enn ei avlysing, og vi har sett i gang arbeidet med å få program og utøvarar flytta til 2021, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark. 

Pengar tilbake 
Alle som har tinga billettar eller pass får tilbod om til-gode-lapp til nye arrangement i regi av Poesifestivalen 2021 eller pengane tilbake. Dei dette gjeld kan ta kontakt med Hauge-senteretpost@haugesenteret.no – Vi førebur oss på å skape ein like innhaldsrik festival til neste år, med mange gode og spennande møteplassar med poesi, songlyrikk og lyrikk i mange former. Tema for festivalen vil framleis vere naturtap med utgangspunkt i Hauge sitt dikt; «Me trudde verdi her er til for oss», eit svært aktuelt tema i våre dagar, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide ved Hauge-senteret.