Askerkretsen var det intellektuelle og kunstnarlege miljøet kring Arne og Hulda Garborg på Labråten i Asker mellom 1897 og 1924.

Her finn vi dei viktigaste nynorske meiningsdannarane før andre verdskrigen.

Voldingen Rasmus Steinsvik og kona Marta Steinsvik kjøpte den 30 mål store garden Labråten i 1897. Arne og Hulda Garborg leigde rom i hovudhuset før dei tok over i 1899. Då bygde Steinsvik Veslelia like nedanfor.

Labråten og Veslelia blei møteplassar for intellektuelle praktikarar. Dei første to tiåra på 1900-talet sette Askerkretsen sitt bumerke på mange nye nynorsktiltak – som den første nynorske dagsavisa og Det Norske Teatret. I alt kom det over 130 bøker og skrifter frå dette miljøet! Dei skreiv om kvarandre, rosa kvarandre og var rykande usamde. Her var mange som snakka saman, og hit søkte unge forfattarar for råd og hjelp.

Garborgs grannar, Otto og Tilla Valstad, bygde ein kunstnarheim som trekte til seg mange biletkunstnarar. Somme av dei hadde bakgrunn frå nynorsk skriftkultur, andre gjekk i heilt anna lei. Med tida blei dalsøkket ved Hvalstad heitande Kunstnerdalen.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no