Bibelen. Éi bok. Mange språk.

Frå utstillinga Bibelen. Éi bok. Mange språk.

I 1921 blei den aller første nynorske bibelen gjeven ut. Dette var den aller første norske omsetjinga av Bibelen i det heile. Fram til 1921 hadde berre delar av Bibelen blitt omsett til riksmål.

Omsetjing av bibeltekstar er omfattande og tidkrevjande, og arbeidet spelar ei viktig rolle i utviklinga og bruken av skriftspråk i heile verda. Med bibelomsetjingar ser vi at skriftspråket blir styrkt og spreidd til fleire.

Då den nynorske bibelen kom for 100 år sidan, blei han mykje brukt både i heimen og på skulen. Slik fekk det nynorske skriftspråket ein naturleg plass i både kvardag og høgtid.

Utstillinga kan plasserast på eit bord, og ho er forma som ein kross med tematekstar på alle fire sidene. Med sitat frå eit utval av omsetjarane som arbeidde med den nynorske bibelen i 1921, historiske fakta og tidslinjer som viser språkutviklinga i Bibelen, får publikum innsikt i arbeidet med bibelomsetjingar før og no.

Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark og Kristin Person

Samarbeidspartnarar:
Per Halse og Hans-Olav Mørk (Fagkonsulentar)

Praktisk:
Installasjonen består av to lette PVC-plater som er enkle å setje saman til ein kross. Framsida er av imitert skinn og silkeband med påtrykt tekst.

Storleik (ferdig montert):
L 95 cm x B 70 cm x H 50 cm

Eignar seg for:
Bibliotek, kyrkjer, skular og museum

Vekt:
2 kg

Frakt:
Kan sendast i Norgespakke-format (L 120 cm x B 60 cm x H 60 cm)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no