Biroller – Birolla i hovudrolla

Frå utstillinga Biroller

Her viser vi fram norsk litteratur og journalistikk der hovudpersonane er homofile, bifile eller transpersonar.

Forteljingane vi høyrer formar korleis vi ser verda. Forteljingane vi fortel oss sjølve formar identiteten og sjølvmedvitet vårt; dei formar også samfunnets identitet og vilkår for vidare utvikling. Det er ikkje alle forteljingar som er like gode, og det er ikkje alle forteljingar som er like relevante for alle, men dei har alle verdi i seg sjølve. Det er eit sjølvforsterkande demokratisk problem når gode og relevante forteljarar og forteljingar blir skjulte som resultat av sosiale stigma eller tabu.

Dette formidlings- og dokumentasjonsprosjektet har blitt til gjennom eit samarbeid mellom fleire fagfolk i og utanfor Vinjesenteret for dikting og journalistikk.

Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Siri Beate Gjerde og Kristian W. Rantala

Samarbeidspartnarar:
Sigbjørn Lilleeng (Illustratør og formgjevar)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga består av ein stor voksduk på 1,5 meter i diameter, fem biletkikkertar med originale illustrasjonar av teikneseriekunstnaren Sigbjørn Lilleeng og ein katalog på 16 sider om litteratur og journalistikk der homofile, bifile og transpersonar har hovudrolla.

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no