Diktarens utvegar. Olav H. Hauge 1908-1994
– Vi viser ting ingen har sett før, og vi fortel ei historie om Olav H. Hauge på ein måte ingen har gjort før.
Det seier direktør Ottar Grepstad om utstillinga om Olav H. Hauge, som første gongen blei vist i Ivar Aasen-tunet søndag 3. februar 2008. Der er diktet ”Mi røynd skal forgå” trykt for første gong. Utstillinga har fått tittelen Diktarens utvegar.
– Utstillinga er vår undring over spørsmåla om kva løysingar ein diktar kan velje og kva utvegar han har, seier Grepstad.
Utstillinga blei laga i to eksemplar, og det andre eksemplaret forvaltar Hauge/Tveitt-jubileet. Grepstad reknar med at mange bibliotek og kulturinstitusjonar vil låne utstillinga i jubileumsåret.
– Det var vore rørande for oss å arbeide med dette stoffet, og vi håpar publikum får den same undringa som vi over alt det store dei skapte, Vesaas og Hauge, seier Ottar Grepstad.
– Alt som blir sagt i denne utstillinga, er Hauge sine eigne ord. Tenk å kunne bruke ei utsegn som den Hauge kom med i ein samtale med Jan Erik Vold for tretti år sidan:”Det er sagt ordet er det hardaste av alle material å arbeida i, verre enn å arbeida med tonar eller fargar eller marmor.”
Diktarens utvegar er temautstilling nr. 21 frå Nynorsk kultursentrum.
Utstillinga om Olav H. Hauge er laga med støtte frå Hauge/Tveitt-jubileet 2008.
Kurator:
Eirik Helleve, Ottar Grepstad, Svein Arne Myhren
Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (3 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)
Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.
Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.
For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no