Utstillinga blei laga til Dei nynorske festspela 2002, då Økland var festspeldiktar, og legg vekt på mangfaldet i forfattarskapen til Økland.

Utstillinga inneheld mellom anna ein spesialskriven tekst der han presenterer seg sjølv og skrivinga si.

Les meir om Einar Økland på allkunne.no.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no