Ferdaminne frå Troja til Vestlandet

I 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det er Vinje sine mangfaldige og rike reiseskildringar som har gjeve inspirasjon til den temautstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet».

I 1860 la Vinje ut på ei reise der målet var Kong Karl den XVs kroning i Trondheim. Reisa vert stort sett gjort til fots, og Vinje fortel om det han ser og opplever, og om menneska han treffer langs vegen. Samtidig teiknar han eit utførleg bilete av seg sjølv som reisande resonnør. I Vinjes Ferdaminni frå sumaren 1860 er det som om sjølve skrifta følgjer ferda inn på ein våg vi ikkje har visst om. Boka er eit sjangaroverskridande verk; her er forteljing, essayistens stendige søking, og markante innslag av poesi.

Med Ferdaminni skapte Vinje det første store litterære verket på nynorsk. I reiselitteraturen er derimot boka eit lite punkt i ei mykje eldre linje. Nokre av dei viktigaste verka i den tradisjonen er Homers Odysseen, Marco Polos reiser, reiseskildringane til Michel de Montaigne, Robinson Crusoe av Daniel Defoe og Gullivers reiser av Jonathan Swift.

Eit kjenneteikn ved reiselitteraturen er at ofte bryt den reisande ut i spontan poesi. Slik som Vinje sjølv gjer når han kjem til Rondane, og bryt ut: «No ser eg atter slike fjell og dalar, som dei eg i min fyrste ungdom såg». Diktet held fram, og er vorte eit av våre mest folkekjære. I utstillinga ser vi på korleis poesi blir brukt i utvalde reiselitterære verk, og dei utvalde døma spenner vidt: frå Thomas Espedals essayistiske verk Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv, til J.R.R. Tolkiens store epos Ringenes herre.

– I Vinjes Ferdaminne frå sumaren 1860 er det som sjølve skrifta følgjer ferda inn på ein våg vi ikkje har visst om. Boka er eit sjangeroverskridande verk, her er forteljing, essayistens stendige søking, og markante innslag av poesi, seier Stein Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg ved Hauge-senteret.

Kurator:
Stein Arnold Hevrøy, Guro Ljone, mfl. Jannicke Velsvik (formgivar)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plater og bannarar i storleik 70 x 200 cm (1 stk), 33 x 33 cm (6 stk), A2 (4 stk), A3 (1 stk), A1 (1 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no