Utstillinga om fuglar i lyrikk gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som – av ulike grunnar – kler seg i fjørdrakt, syng og flyg.

Utstillinga tek utgangspunkt i det nordiske når det gjeld dikt og fuglar, og vengespennvidda er stor. Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneskja si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglar.

Menneska har vore opptekne av fuglar til alle tider. Fuglar er til stades i historisk diktarkunst som egyptiske pyramidetekstar, Bibelen og i gresk og norrøn mytologi. Litteraturforskaren Atle Kittang spurde seg: «Kan ein tenkje seg eit poetisk univers utan fuglar?» Nei, truleg ikkje. Tenk berre på kor ofte vi menneske høyrer og ser fuglar! Og så tek vi bilete, teiknar, skriv dikt, lagar vitskaplege avhandlingar og fjernsynsprogram om desse fasinerande dyra.

I vår eiga samtid kan naturlyrikk ofte lesast som dikting med omsyn til kor skjør naturen kan vere, og sjølv om dikta ikkje nødvendigvis seier det rett ut, kan dei lesast i samanheng med dei store politiske debattane kring klima- og miljøspørsmål. Det gjeld òg nokre av dikta som er med i denne utstillinga, men ikkje alle. Det enkelte diktet kan like gjerne vere valt ut fordi diktet er så vakkert.

Når du opplever utstillinga kan du ha med deg nokre ord frå Olav H. Hauge om fellestrekk mellom dikt og fuglar, nemleg at det er ein «merkjeleg klang og musikk i dei»! Kanskje ser du nokre fuglar du kjenner frå før?

Utstillinga har også noko for dei minste. Her kan ein lære om korleis dei ulike fuglane syng, og ein kan både teikne og pusle fuglar.

Kurator:
Stein Arnold Hevrøy, Overhaus (formgivar)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld innramma plakatar i storleik 52 x 71 cm (2 stk), 52 x 43 cm (11 stk), 52 x 52 cm (4 stk).

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre