Gjennom brend by til Tante Ulrikkes vei
Utstillinga syner vinnarane av Tarjei Vesaas» debutanpris frå 1964 til i dag.
Då Tarjei Vesaas vann Nordisk Råds Litteraturpris tok han ikkje prispengane sjølv. Han valde å bruke dei på å opprette ein ny pris: Tarjei Vesaas’ debutantpris. Dotter av Tarjei Vesaas, Guri Vesaas, kan gje oss eit svar på kvifor han gjorde dette:
Han meinte det var svært viktig å støtte dei unge, nye diktarspirene, for ”det er dei som held diktinga i live”, sa han. Han visste av eiga erfaring kor stridt det kan vere å debutere, og ikkje minst å halde fram å skrive. For ikkje å snakke om dei økonomiske problema som ligg og ventar, sikrare enn banken.
I ein tekst om sitt eige liv som forfattar og debutant skriv Tarjei Vesaas:
Der det ikkje er rørsle framover, lurer døden. Difor skulle folk vera takksame over at det finst dei som brukar dyr ungdomstid på noko fullkome lønlaust, fordi dei har ein song i seg.
Med debutantprisen har Tarjei Vesaas vore ein stødig og varig bidragsytar til det litterære mangfaldet i Noreg, lengje etter at han sjølv gjekk bort.
Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Kristian W. Rantala og Siri Beate Gjerde
Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (Formgjevar)
Storleik (ferdig montert):
Sjølve utstillinga er ei dekorert kasse på hjul med eit utval av bøker frå vinnararne av Tarjei Vesaas» debutantpris. Kassa måler 54 cm breid x 67 cm djup x 165 cm høg. Kassa måler ca 120 cm i diameter med døra open, og utstillinga er lett å sette opp.
Utstillinga er oppteken i heile 2022.
Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.
Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.
For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no