Halldis i livet. Halldis Moren Vesaas 1907-1995

Plansje frå utstillinga Halldis i livet

Utstillinga tek for seg den folkekjære diktaren, omsetjaren og kulturpersonlegheita Halldis Moren Vesaas.

På premierefesten for Tolvskillingsoperaen ved Det Norske Teatret i februar 1992 sa teatersjef Otto Homlung at ”det er to ting som får eit norsk publikum til å reise seg: ”Ja, vi elsker” og Halldis Moren Vesaas”. Denne temautstillinga viser korleis ho fekk denne posisjonen.

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil. Ho debuterte i 1929, med diktsamlinga Harpe og dolk, der ho blei den første norske lyrikaren som presenterte eit sterkt kvinneleg subjekt i dikta sine. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas, og dei slo seg ned på garden Midtbø i Vinje i Telemark. I 1955 kom diktsamlinga I ein annan skog, som blei den siste diktsamlinga hennar på førti år. Ho arbeidde meir og meir med teateromsetjingar, og omsette 53 stykke, dei fleste for Det Norske Teatret.

Utstillinga blei første gong vist under Litteraturdagane i Vinje fredag 21.9.2007, og blei opna av Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.

Kurator:
Eirik Helleve, Ottar Grepstad, Svein Arne Myhren

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), vegghengt banner 80 x 200 cm (3 stk),  rullebanner 80 x 200 cm (3 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no