Innanfrå, utanfrå. Carl Frode Tillers litterære metode

Å fortelje ei historie, eller skildre ein karakter frå ulike ståstader, er eit vanleg skjønnlitterært grep.

Carl Frode Tiller er ein av dei som har nytta dette grepet til fulle, mellom anna i trilogien Innsirkling og i romanen Bipersonar. Denne temautstillinga viser dette skjønnlitterære grepet i bruk, og kva det gjer med lesinga av romanane.

Det er ikkje til å kome utanom at Carl Frode Tillers mørke, nervepirrande og kvardagslege forteljingar treffer forfattarkollegaer, kritikarar og publikum. Spør ein Ruth Lillegraven, forfattar og tidlegare festspeldiktar, er det få som skildrar kranglar og kommunikasjonssvikt like godt som Tiller. For kritikar Eivind Myklebust minner bøkene til trønderen om blomar og jord, natur og død – og sommaren Myklebust var sivilarbeidar i Ørsta. Bibliotekar i Aasen-tunet, Siri Beate Gjerde, omtalar kort og godt Tillers litteratur som kjensler på papir.

Dette står det meir om utstillingskatalogen, som følgjer med temautstillingaHer får du vite meir om kva forteljingane til Tiller betyr for eit utval lesarar. Du kan også lese kva Anemari Neple, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, har funne ut når ho har undersøkt kva det er som gjer Tiller til ein kritikaryndling, og korleis skjebnen er ein viktig del i forteljingane hans.

Heilt til slutt kjem forfattaren sjølv til orde. For korleis er det eigentleg han går fram når han skriv?

I utstillinga finn ein også dette:

  • Ein videoinstallasjon med teaterframsyninga Begynnelser frå Trøndelag Teater
  • Installasjonen Skråninga, men sitat frå romanen med same tittel
  • Kikkeskåp
  • Litteraturen til Tiller
  • Katalog med engelsk omsetjing av utstillinga
Framsida til utstillingskatalogen, som er formgitt av Aina Griffin.
Framsida til utstillingskatalogen, som er formgitt av Aina Griffin.

Kurator:
Guro Solheim, Anders Aanes, Siri Beate Gjerde

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), vegghengt banner 80 x 200 cm (4 stk), tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk) og fire mindre capaplater

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no