Den nynorske skriftkulturen var tidleg open for impulsar frå utlandet, og ei lang rekkje sentrale verk frå verdslitteraturen er omsette til nynorsk.

Utstillinga viser linjene frå Europa til den norske bokheimen, og presenterer nokre av dei mest sentrale omsetjarane.

Utstillinga blei laga i samarbeid med Eirik Vandvik-nemnda i Suldal, i samband med at det var 100 år sidan Vandvik blei fødd.

Utstillinga blei første gong vist i Bærum september 2004, og har i alt 18 plansjar.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Marit Nergaard, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon), Eirik Vandvik-nemnda (Suldal). Produksjonsstøtte frå Suldal kommune, Rogaland fylkeskommune, og Fritt ord

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (18 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (1 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre