Kunsten i livet – Diktaren Jon Fosse
Under Jon Fosse-dagane i Strandebarm laurdag 15. august 2009 opna Ivar Aasen-tunet ei ny temautstilling om diktaren Jon Fosse, som fylte 50 år denne hausten.
Utstillinga heiter Kunsten i livet og er bygd opp kring sitat av forfattaren, portrett, biletkunst og foto frå oppsetjingar av teaterstykka hans i fleire verdsdelar.
– Dette er ei utstilling der berre Fosse sjølv har sett alt før, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet.
– Vi har fråtsa i utsegner og bilete som vi håpar set tankane i sving hos publikum, og har hatt stor nytte av materialet i det som etter kvart må bli Jon Fosse-arkivet.
Skulle bli journalist i lokalavis
Utstillinga dekkjer alle sjangrane Jon Fosse har brukt, frå dikt og prosa for vaksne til
barnebøker, essay og teaterstykke. Sjølv set han størst pris på dikta sine. Nynorsken er svært viktig for Fosse. Eg kan finne på mykje galskap, men eg kan ikkje svikte nynorsken, har han sagt i fleire intervju.
– Samspelet mellom form og innhald er viktig i det Fosse skriv. Han spelar fram eit språk, og han kjem stadig tilbake til kor viktig forma er, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes. Flyt og rytme er alt for meg, seier diktaren sjølv i utstillinga.
Ti år etter romandebuten tok Fosse til å skrive for teater også. ”Her opna det seg land i skrivinga som eg ikkje hadde visst om,” sa han i ein samtale med Cecilie N. Seiness under Dei nynorske festspela i sommar. Der fortalde han også at før han blei forfattar, hadde han sett for seg eit liv som journalist i ei lokalavis på Vestlandet.
Sjølvstendig debutant
Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Alt då hadde han eit sjølvstendig syn på kunst og litteratur som gjekk på tvers av det meste som då prega norsk samtidslitteratur.
Han slo først gjennom i Sverige. Mange norske lesarar og kritikarar var undrande og reserverte. Fosse burde ha følgt betre med i norsktimane, skreiv ei osloavis i meldinga av debutboka.
– Vi prøver å vise korleis forfattarskapen har utvikla seg frå Fosse var ein ukjend debutant til han no er blitt ein forfattar på verdsscena, fortel dokumentasjonsleiar Anders Aanes og legg til at dette er ei lett tilgjengeleg utstilling om kunst og det å skape kunst.
Utstilling nr. 23
Utstillinga om Jon Fosse er utstilling nr. 23 frå Ivar Aasen-tunet og er formgitt av Aina Griffin. I september blir utstillinga vist i Oslo, og til Sunnmøre kjem den først i oktober. Ivar Aasen-tunet reknar med at mange bibliotek og skular over heile landet vil vise utstillinga.
– Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.
Jon Fosse i samtale med Cecilie N. Seiness på Dei nynorske festspela 2009
Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Ottar Grepstad
Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)
Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.
Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.
For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no