Frå utstillinga Olaug Nilssens basar

Olaug Nilssen var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006, og utstillinga blei opna 22. juni dette året.

Nilssen er fødd i 1977, og voks opp i Solheimsdalen ved Førde. Ho flytta til Bergen for å studere, og debuterte i 1998 med romanen Innestengd i udyr. Ho er først og fremst romanforfattar, men har òg prøvd seg som barnebokforfattar og essayist.

I 2004 kåra Morgenbladet dei ti beste norske forfattarane under 35 år, og Nilssen var med på denne lista. Sidan juli 2003 har ho publisert bloggen «Eit eige rom med utsikt». Saman med Gunnhild Øyehaug starta ho det litterære tidsskriftet Kraftsentrum i 2005.

Les meir om Olaug Nilssen her.

Kurator:
Svein Arne Myhren, Kirsti Langstøyl, Marit Neergaard, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no