Store forteljingar for små øyre

I tusenvis av år har barn høyrt vaksne fortelje til dei. I nokre hundre år er dei også blitt lesne for.

For godt over 200 år sidan blei det vanleg at barn kunne lese sjølve. Då hadde dei lite anna å lese enn religiøse forteljingar og bodord. På dansk. Bøker og tekstar skrivne for barn blei først vanleg på 1900-talet.

Lenge var det helst menn som skreiv, men frå 1970-åra har barneboka også vore ei kvinnesak. Først då kom også barnebøker på nynorsk i all si breidd. I dag er kvar åttande nye barnebok i biblioteka på nynorsk. Den forteljinga tek til for over hundre år sidan, på gardane Løland i Ryfylke og Sivle på Vossestrand.

Utstillinga er laga i samarbeid med Ryfylkemuseet og Asker Museum, som begge laga si eiga utstilling om Rasmus Løland i 2007.

Utstillinga har fått tilskot frå Fritt Ord, Norsk kulturråd, og Rasmus Løland-markeringa 2007-2011.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon), Fritt Ord, Norsk kulturråd, Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Ryfylkemuseet, Asker Museum

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (1 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no